Norwegian Unix User Group Referat styremøte i NUUG Tid: Onsdag 2007-01-17 kl. 17:00 - 18:30 Stad: Lokala til DND i Møllergaten 24 Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Håvard Fosseng, Gaute Nessan, Eirik Seim (skype), Peter N. M. Hansteen (skype) Jon Petter Bjerke (skype -- siste del av møtet) Forfall: Heine Aarbø SAKLISTE: 2007-01: Godkjenning av referat Godkjent med innarbeiding av dei kommentarane som har kome på e-post. 2007-02: Opptak og endringar av medlemmer Per 2007-01-14: 63 Firmamedlem 225 Medlem under bedrift 49 Personleg medlem 24 Studentmedlem 2 Æresmedlem Gjennomsnittleg medlemstid er 4.1 år. Vi manglar e-post-adresse til 10 personmedlemmer. Vedtak: Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning. ORIENTERINGAR 2007-03: Motteken post, postliste Gjekk ut fordi ingen frå sekretariatet var til stades. 2007-04: Prisauke hos DnD-sekretariatet 2007-01-01 Prisane for sekretariattenester hos DnD har auka med 0-13% frå 2007-01-01. Dei vart sista auka frå 2005-12-01 med omlag 5%. Styret tek prisauken på sekretariattenster til etterretning. 2007-05: Spørreundersøking mellom medlemmer og andre Invitasjon til spørjeundersøkinga vart sendt ut 2007-01-02. Ein kan sende inn svar til og med 2007-01-31. 223 svar ha kome inn så langt, av desse ser om lag 54% ut til å vere medlemmer. Videoopptak av foredraga er ein svært populær teneste. 2007-06: Oppstart av aktivitet i Stavangerområdet Ettersom Stavanger og omeign er området i landet med størst konsentrasjon av medlemmer utanfor Oslo/Akershus, prøver NUUG å få til aktivitet der. Eit første møte er planlagt i Sandnes 31. januar. I tillegg til orientering om kva NUUG er og kvifor folk bør melde seg inn vil Peter N. M. Hansteen foredra om bekjemping av spam og malware med frie verktøy. Eventuelle ønske om medlemsaktivitet fleire stader i landet må vi ta stilling til frå sak til sak og basert på skjønn. VEDTAKSSAKER 2007-07: Godkjenning av framlegg til årsmelding Utkastet til årsmelding vart lagt fram og gjennomgått. Avsnitt om foreininga sin økonomi manglar, og det kom fram ein del framlegg til korrigeringar og presiseringar. Vedtak: Håvard Fosseng innarbeider endringsframlegga frå styremøtet. Jon Petter Bjerke legg inn avsnitt om økonmi. Endeleg versjon vert godkjent ved ein e-post-runde. 2007-08: Ny medlemskategori utan USENIX-medlemskap USENIX-kontingenten er ein stor del av den totale medlemsavgifta til NUUG. Ein medlemskategori utan USENIX-medlemskap vil kunne få vesentleg lågare kontingent og kan dermed bidra til å auke talet på medlemmer vesentleg. Vedtak: Vi gjer framlegg for årsmøtet om innføring av ein slik medlemskategori, med dei endringane av vedtekter og budsjett som trengst. EVENTUELT 2007-09: Høyring om arbeidsgjevar sitt innsyn i tilsette sin e-post Ei høyringsfråsegn er sendt til Fornyingsdepartementet om framlegget til reglar for arbeidsgjevar sitt innsyn i dei tilsette sine personlege postboksar. Vi stiller oss i hovudsak positive til framlegget, men meiner det klårare må leggast opp til at det skal utarbeidast løysingar/rutiner for handtering av e-post som inneber at gjenfinning av verksemdsrelatert e-post ikkje er basert på å leite i dei personlege postboksane til dei tilsette. 2007-10: Magasin om fri programvare Organisasjonane som står bak initiativet til eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare planlegg å publisere eit magasin om fri programvare på eSAM-konferansen i Oslo. NUUG vil bidra med ein artikkel om organisasjonen NUUG, ein artikkel om Prisen for fremme av fri programvare, ein notis om OpenStreetmap.org og i liste over brukarforeiningar. 2007-11: Fellestur til Linux-forum Vi sender ut informasjon til medlemmer/annonsering om opplegg for tur til Linux-forum. 2007-12: Uformelt om budsjettrelaterte spørsmål Budsjett stod ikkje på saklista og kasserar var ikkje til stade størsteparten av møtet. Såleis inga formell handtering av budsjett. Vi må auke sekretariat-posten. Meir maskinvare trengst neppe komande budsjett-år. Video-posten kan gjerne doblast. Referent: Håvard Fosseng Neste styremøte: Onsdag 14 februar kl 1700 i møtelokala til DnD i Møllergata 24. ______________________________ ______________________________ Petter Reinholdtsen Jon Petter Bjerke ______________________________ ______________________________ Gaute Nessan Håvard Fosseng ______________________________ ______________________________ Heine Aarbø Eirik Seim