Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2007-08-13, 18:00 - 19:00, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Håvard Fosseng, Ole Kristian Lien, Jon Petter Bjerke Varamedlemmer: Gaute Nessan Fråver: Runar Ingebrigtsen, Peter N. M. Hansteen SAKLISTE: 2007-52:. Godkjenning av referat Referatet frå 4. juni vart sendt ut til styret og er å rekne som automatisk godkjent. 2007-53:. Opptak og endring av medlemmer Medlemstalet ser ut til å gå noko ned, primært grunna opprydding. Styret godkjende dei nye medlemmene og tok utmeldingane til etteretning. 2007-54:. Økonomistatus For å gjere økonomisk planlegging enklare kjøper vi 30 000 dollar no og set desse på ein eigen konto for å betale Usenix-kontingent 2009. 2007-55:. Postliste Den greiaste måten for å ta ut postliste, ser ut til å vere å setje eit custom-felt på dei RT-sakene som representerer innkomen post. Vi satsar på dette. 2007-56:. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare Senteret vert oppretta i Drammen 15. august i år med 3 tilsette. Tromsø neste år. OK og Petter dreg til opninga av senteret. OK hentar foldarar, Petter tek med banner. 2007-57:. Status nye lokale for foredrag Pilestredet 35. To Auditorium med respektive 300 og 100 sitjeplassar. Uvisst korleis det er å kome seg inn der etter vanleg stengetid. Første forelesing torsdag -- ser ut til at vi vert dei første som prøver anlegget. 2007-58:. Nytt medlemsregister Gaute har lagt inn support for å registrere og redigere bedrifts- og vanlege medlemmer. Vi kan legge inn bedrifter og kople enkeltmedlemmer til dei. (Berre redigering av kontaktinformasjon på web.) Klart til bruk i oktober? Vi må avklare korleis skal generering av faktura handterast, med oversyn over kven som har fått og skal få faktura? Treng enkel registrering av «betalt». Førebels vil oppdateringane av registeret bli gitt til Gaute. 2007-59:. Status for medlemsmøta Medlemsmøta ruslar og går. Petter har fått noko hjelp til arrangeringa. 2007-60:. Status for standardarbeid i NUUG Dei som vil vere med kan henge seg på. 2007-61:. Framtidige sekretariat- og rekneskapstenester Sekretariatet på Kapp har aldri kome i gong. Det vi har, er RT. Innlegging av data på rekneskap ser ut til å drøye lenger enn vi likar. Turnover på programmerarar på den nye versjonen av rekneskapssystemet. Telefon: Vi ventar på ein firmaattest. Jon Petter treng fødselsnummer på alle styremedlemmene. Vi kan høyre med nokre studentmedlemmer om dei har kan ta jobben med å skyfle ut infopakkar etc. 2007-62:. Prisen for fri programvare Forseinka, særleg utdelar Jury: Knut Yrvin (Trolltech), Hårek Haugerud (HiO), Conrad Newton (Snøfrix), Axel Bojer (Stiftelsen åpne kontorprogram på norsk), Bård Farstad (eZ) 4:., 11., og 18. oktober er tentativt reservert for utdelinga. 2007-63: Fastsetjing av dato for styremøte i haust Måndag 24. september Onsdag 7. november Onsdag 19. desember ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien