Kandidat: Bergen Linux (and BSD) User Group, BLUG Begrunnelse ok Begrunning ---------- Brukergruppa Bergen Linux (and BSD) User Group har i fleire år arbeidd for å fremja bruk og utvikling av fri programvare, open kjeldekode og opne standardar gjennom møteaktivitet med høgt fagleg nivå, og med mange anerkjente foredragshaldarar. BLUG har skapt eit positivt miljø rundt møta som har gjort det attraktivt for sentrale bidragsytarar frå ei rekke fri programvare-prosjekt (Linux, FreeBSD, PHP) å komme til Noreg for å holde foredrag. BLUG har i mange år halde installasjons-festar, med mål å rekruttere så mange som mogleg til å prøve ut linux. På denne måten ynskjer dei å breie kunnskapen om linux i skule, offentlig forvalting, forretningslivet generelt og for datainteresserte privatpersonar. BLUG har høsta internasjonal anerkjenning for det noko meir humoristiske framstøytet med implementering av Internett-trafikk via brevduer, slik det fyrst vart skildra i RFC1149, datert 1. april 1990. BLUGs nettstad: http://blug.linux.no RFC 1149: http://www.blug.linux.no/rfc1149/ Kontaktinformasjon for dei nominerte ------------------------------------ Peter N. M. Hansteen, Seniorkonsulent, Datadokumentasjon A/S, peter@bgnett.no Vegard Engen, Konsulent i Business Data Consulting (BDC), vegard@engen.priv.no Kontaktinformasjon for forslagsstillar -------------------------------------- Jakob Breivik Grimstveit, Systemintegrator, Star Shipping A/S, jakob@grimstveit.no