Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2007-05-07, 17:00 - 18:00, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Håvard Fosseng, Ole Kristian Lien Jon Petter Bjerke, Peter N. M. Hansteen (skype) Varamedlemmer: Gaute Nessan Fråver: Runar Ingebrigtsen SAKLISTE: 2007-32: Godkjenning av referat 2007-03-22 Godkjent med endringar per e-post 2007-33: Opptak og endring av medlemmer Styret godkjende dei nye medlemmene og tok utmeldingane til etteretning. Vi tek opp på årsmøtet om namna på dei som melder seg inn skal referatførast, og dermed offentleggjerast. ORIENTERINGAR 2007-34: Mottatt post, postliste Postlista er ikkje ført, og vart såleis heller ikkje lagt fram. 2007-35: Økonomistatus Inkje nytt under sola. Har fått rekning frå DnD-sekretariatet for årsmøteutsendinga og dei 9 dagane i mars dei var sekretariat. 2007-36: NUUG-besøk på The Gathering Ikkje noko foredrag, men var til stades med banner. Mange interesserte innom. Ingen brosjyrer pusha. 2007-37: NUUG samarbeidspartner til Linuxdagen 2007 Håvard og Ole Kristian har vore på dagen, Petter rakk det ikkje. OPPFØLGING AV TIDLIGERE SAKER 2007-38: Framtidige sekretariat- og regnskapstjenester Petter vil ha fakturering per påbyrja kvarter, og gjerne maskinlesbare rapportar per månad. Uavklart om, og i så fall kor mykje, Lodo skal vere sekretariat. Vi treng om lag 10 ekstra nummer av ;login: per gong for å ha noko å sende til nyinnmelde medlemmer. Vi treng å samanlikne adressene til Usenix med dei vi eksporterer. Ole Kristian splittar PDF med innkomen post. (RT #417; filene skal til ) VEDTAKSSAKER 2007-39: Innmelding i ODF-alliansen Innmeldinga er allereie vedteken etter e-post-runde. Vi må avklare kven som skal vere e-post-kontakt. 2007-40: Partnerskap med JavaBin om JavaZone? Ikkje noko nytt frå Peter. Ved ei misforståing vart formelt svar ikkje sendt før nyleg, og vi har ikkje fått svar på forespurnaden om meir informasjon. Petter har vore innom to siste JavaZone som NUUG-leiar. Vi må vite kva vi eventuelt forpliktar oss til før vi seier ja eller nei. EVENTUELT 2007-41: Innkalling til stiftingsmøte i Frikanal Vi har fått innkalling til stiftingsmøte i Frikanal. Vi har ikkje fått svar på spørsmål om kvifor ei ny foreining skal opprettast, når Åpen kanal allereie finst. 2007-42: IP-telefoni Inkje skjedd med Asterisk-maskinen. Vi må først få opp SIP og konferansesystem så vi kan klare oss utan Skype. Til konferanse treng vi ein indikator på kven som er med (det har hendt at folk har falle ut av Skype). ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien