Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2008-02-13, 18:00-19:45, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke (skype), Håvard Fosseng, Peter N.M. Hansteen (skype), Ole Kristian Lien Varamedlemmer: Gaute Nessan, Runar Ingebrigtsen 2008-01 Godkjenning av referat Referat frå styremøtet 2007-12-19 vart sendt ut 2008-01-29 og er å rekne som automatisk godkjent. 2008-02 Opptak og endringar av medlemmer Styret godkjenner nye medlemmer og tek utmeldingane til etterretning. Vi har 250 adresser på annonsering@nuug som ikkje er medlemmer. Vi bør satse på rekruttering her. Talet på bedriftsmedlemmer går attende. Vi bør oppdatere brosjyrar og info om medlemsfordelar. 2008-03 Postliste Postlista ligg ikkje føre. Ettersom vi ikkje lenger har sekretariat som står for postmottaket, og innkomande post ligg i RT, er det langt mindre viktig enn tidlegare å gå gjennom innkomande post på styremøte. Framover kjem vi ikkje til å ha postliste som fast punkt på styremøta. Innkomande post vil berre bli teken opp på styremøta dersom han høyrer inn under (evt. gjev opphav til) eigne punkt på saklista. 2008-04 Styreinstruksen Vi har ikkje lenger noko sekretariat, og referansane til dette er fjerna frå styreinstruksen. Primært satsar vi på å automatisere oppgåver som tidlegare har høyrt inn under sekretariatet. Formaliseringa dette medfører vil truleg òg kome til nytte dersom vi seinare skal setje nokre av desse oppgåvene ut til eit eksternt sekretariat. Endringar i høve til framlegget som låg føre på møtet: - «Kontakt med Usenix» skal flyttast frå kasseraren sine oppgåver til eit eige punkt under styret. - «Kontakt for likesinna foreiningar» skal inn som eigen styrefunksjon - Det skal eksplisitt spesifiserast at varamedlemmer normalt møter på møta og har røysterett ved fråfall mellom dei ordinære styremedlemmene. Håvard fører inn desse endringane og legg ut den nye styreinstruksen. 2008-05 Førebuing til årsmøtet Årsmøtet er planlagt til 11. mars. Dette inneber at papir må ut 19. Godkjenning av utsendinga skjer på e-post. Vi sender innkallinga som e-post med PDF-vedlegg. Dei medlemmene vi ikkje har e-post-adresse til får innkallinga i papirpost. Håvard tek årsmeldinga, med hjelp frå Ole Kristian. Jon Petter tek punktet om økonomistatus. Rekneskapen må vere revisorgodkjent tysdag. Jon Petter snakkar med revisor i morgon. Jon Petter tek ut balanse frå Lodo og sender rundt. Rekneskap vart godkjent. Vi gjer framlegg om å justere kontingent til 410,- for medlemmer utan Usenix for at desse skal gje same bidrag til NUUG sin økonomi som medlemmer med Usenix. Annan kontingent står stille. Håvard set saman PDF for innkalling og sender ut, Ole Kristian assisterer. Ole Kristian koordinerer årsmøtearrangeringa. Eventuelt Ole Kristian treng hjelp til å skrive nyhendebrev. 2008-06: Go Open Petter og Salve har hosta opp program. Mange flinke folk held foredrag under teknisk spor. Konferanse 8.-9. april med fire spor: - teknisk - offentleg sektor - open office - innovasjon/strategi Vi bør prøve å ha stand. 2008-07: Skolelinux arrangerer internasjonal konferanse Skolelinux har fått pengar frå FAD til konferanse i Grimstad/Agder-området i juni. ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien