Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2008-10-28, 18:00-19:30, Gaustadalléen 23, Oslo Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke (skype), Håvard Fosseng, Runar Ingebrigtsen (skype) Varamedlemmer: Gaute Nessan Forfall: Ole Kristian Lien, Peter N.M. Hansteen 2008-30 Godkjenning av referat Referatet vart godkjent med dei endringane Petter har kome med på e-post. 2008-31 Opptak og endringer av medlemmer Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning. Håvard sender ut infopakkar. 2008-32 Konferansen Go Open 2009 Friprog-senteret har òg i år invitert NUUG til å vere med på å lage program for Go Open, som finn stad april 2009 i Folketeaterbygninga. Petter og Peter er inviterte så langt; alle medlemmer som vil bidra er velkomne. Første utkast til program bør vere klårt i byrjinga av november. 2008-33 Prosjekt for bygging av 3D-skrivar Petter har starta eit prosjekt i NUUG-regi for å bygge våre eigne 3D-skrivarar. To parallelle løp: Det eine er å bestille alle delane frå USA og England, det andre er å samarbeide med robotgruppa ved Institutt for Informatikk på Universitetet i Oslo for å skrive ut dei delane som må skrivast ut og finne norske leverandørar for resten. Robotgruppa har sagt seg viljuge til å skrive ut delane gratis mot å bli nemnde når skrivaren er operativ. Byggesettet er bestilt og vil koste kring 8000. Petter har avtale med Christer om at Friprog-senteret dekkar dette mot at skrivaren vert sett opp for demo under Go Open 2009. Alle som er interessert i å delta vert oppmoda til å melde frå til Petter. 2008-34 Godkjenning av juryen sitt val av prisvinnar Styret aksepterer prisjuryens val av EFN som vinner i år. 2008-35 Støtte til digistan-initiativet? Den digitale standardorganiasjonen (http://www.digistan.org digistan) vart stifta i 2007 for å fremje standardar på digitale området. Medlemskap er gratis og haldningane deira til standardisering fell svært godt saman med NUUG sine. Det ser ut til at berre personar kan vere medlemmer, men NUUG som organisasjon kan erklære støtte. NUUG signerer Hague declaration, og styret oppmodar medlemmene til å gjere det same. Vi sender ut pressemelding om dette; Petter tek seg av det praktiske. 2008-36 Kjøpe billige bærbare til bruk for styret og videogruppa? NUUG setter av 10000,- til kjøp av bærbare som kan brukast på arbeidsmøte og til videogruppa sine opptak 2008. Runar tek seg av det praktiske. Eventuelt 2008-37 Neste styremøte 8. desember 17:00. Vi satsar på å gå og ete om lag 18:30. Håvard finn ein restaurant. 2008-38 Innkomande RT-saker: * #1226 Sende ut invitasjon som oppfølging av medlemsundersøkinga Håvard tek denne (Petter har eit klart brev). * #1382 Annonsere FSCONS med rabatt til medlemmer? Håvard tek denne. * #1524 Sende ut friprogmagasinet 2008-01 til medlemmene? Runar kan ta ansvaret for å organisere utsending (og få nokon til å sponse kostnadane) etter midten av november. * #1562 stop software patents European petition - release candidate 1 Håvard vurderer denne og informerer styret. 2008-39: Førebuing av årsmøtet Håvard byrjar å tenke på årsmelding, Jon Petter tek revidert budsjett for 2009 og budsjett 2010. Petter har sett Morten Kjelkenes i gong med å oppdatere medlemsregisteret, deretter eventuelt organisering av videogruppa. Alle bør ta ein kikk på statistikken til medlemsregisteret. ----------------------- ------------------------ Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen --------------------- ------------------ Jon Petter Bjerke Håvard Fosseng