Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2008-12-08, 17:00-18:30, Gaustadalléen 23, Oslo Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke, Håvard Fosseng, Peter N.M. Hansteen, Ole Kristian Lien Varamedlemmer: Gaute Nessan Forfall: Runar Ingebrigtsen 2008-40 Godkjenning av referat frå styremøtet 2008-10-28 Utkastet til referat vart sendt ut 30. oktober, og er å rekne som automatisk godkjent med dei korreksjonane Petter kom med på e-post. 2008-41 Opptak og endringar av medlemmer Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning. 2008-42 Økonomistatus Jon Petter har brukt dagen saman med rekneskapsføraren. Vi har brukt vesentleg mindre pengar enn budsjettert. Kasseraren har som mål at rekneskapen skal vere ferdig tidleg i januar. 2008-43 Innkjøp av bærbare til styre og videobruk Saka utsett fordi Runar Ingebrigtsen, som har ansvaret for dette, ikkje kunne møte. 2008-44 Innmelding i ODF-alliansen og støtte til Digistan-initiativet Vi er melde inn i ODF-alliansen, og er førte opp på lista over støttande organisasjonar. Vi har òg meld Digistan-initiativet og er førte opp på lista over støttande organisasjonar der. Vi satsar på å sende ut pressemeldingar om desse to sakene med eit mellomrom på nokre dagar. Ole Kristian hjelp Petter med å skrive pressemeldingar. 2008-45 Sende ut invitasjon som oppfølging av medlemsundersøkinga Invitasjonane går ut i løpet av kort tid. Ole Kristian prøver å lage eit webskjema for «inviter ... til å bli medlem i NUUG». Han reviderer òg brosjyren. 2008-46 Sende ut infopakkar til nye medlemmer Infopakkar er no sende ut. 2008-47 Førebuingar til årsmøtet 2009 Årsmøtet vert 17. mars klokka 18:30. Sakpapir skal utarbeidast på http://wiki.nuug.no/aktiviteter/200903aarsmoete Håvard maser på valkomitéen. Ting som bør med i årsmeldinga: Problema med nyinnmeldingar, 3d-skrivar-prosjektet, Go Open og videoopptaka frå dette. Kartgruppa og standardgruppa har vore aktive. Ole Kristian satsar på å få ut NUUG-nytt snart, og bed i samband med dette om korte oppsummeringar frå gruppene. 2008-48 Avbryte prosjekt for nytt webbasert medlemsregister? Arbeidet med å tilpasse memberdb til bruk i NUUG vert innstilt. Ny plan for handtering av medlemsregister vert utarbeidd av Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke og Morten Kjelkenes i fellesskap og lagt fram innan april 2009. Jon Petter har ansvar for oppfølging. 2008-49 Budsjett for 2010 og revidering av budsjett for 2009 Vi tek kontakt med dei ulike gruppene og ber om innspel til budsjettet. Ole Kristian gjer dette i samband med kontakt om NUUG-nytt. Vi stryk budsjettposten til årsmøtet. Etter at vi byrja sende ut årsmøtepapira elektronisk er utgiftene i samband med årsmøtet for låge til at det er rimeleg med ein eigen budsjettpost. Jon Petter kjem med nytt budsjettframlegg på neste styremøte. 2008-50 Møteplan for våren Styremøte til våren: 19. januar, 16. februar og 23. mars klokka 18:00. Plan for vidare styremøte vert utarbeidd av styret som vert valt på årsmøtet. Eventuelt Petter og Mari spekulerer på å lage norsk «Fix my street»-klone. ----------------------- ------------------------ Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen --------------------- ------------------ Jon Petter Bjerke Håvard Fosseng